Beslekta selskap
Her presenterer vi beslekta selskap av Sverre Roald AS:
ROALD EIGEDOM AS
Roald Eigedom AS er eit resultat av at tidlegare Sverre Roald AS vart splitta i eit driftsselskap, Sverre Roald AS, og eit eigedomsselskap, Roald Eigedom AS, med verknad frå 01.01.2002. Selskapet har ingen tilsette og er eigd 100% av Roald Invest AS. Snorre Roald fungerer som dagleg leiar og er styreleiar for selskapet. Sverre Roald AS er leigetakar hos Roald Eigedom AS. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.
SUNDET EIGEDOM AS
Sundet Eigedom AS er naboeigedomen til Roald Eigedom AS og på denne står utleigebygget Giskesenteret. Leigetakarar her er m.a. Mova/Giske Treningssenter AS, Norvest Trafikkskole, Mestergruppen, Subsea7, Hagen AS og Nordnes AS. Aksjonær i selskapet er Roald Invest AS og Snorre Roald er dagleg leiar og styreleiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.
VIGRA SERVICENTER AS
Vigra Servicenter AS eig og driv ein DO-stasjon (forhandlereigd) i samarbeid med Certas/Esso Norge AS. Stasjonen vart etablert i 1990 og ligg strategisk til ved riksvegen mellom Ålesund sentrum og Vigra flyplass. Stasjonen har moderne vaskhallar både for maskin og sjølvvask, samt eit godt tilbod av 100% Veimat. Selskapet har 12 tilsette på full- og deltid med Natalie Ord som driftsleiarar. Aksjane i selskapet er eigd av Roald Invest AS. Snorre er også formell dagleg leiar samt styreleiar for selskapet. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.
ROALDHUS AS
RoaldHus AS er den tidlegare husavdelinga i Sverre Roald AS som i 2002 vart skilt ut i eit eige selskap. Selskapet er knytta til HellvikHus-kjeda og forhandler og fører opp hus og hytter på byggherren si eiga tomt. Roald Eigedom AS eig aksjane i selskapet.Snorre Roald er dagleg leiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.
ROALD INVEST AS
Roald Invest AS er eit Holding-selskap med Snorre Roald og Bodil Rabbevåg som aksjonærar. Selskapet har f.t. eigarinteresser i Sundet Eigedom AS, Roald Eigedom AS og Vigra Servicenter AS. Snorre Roald er dagleg leiar og styreleiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.